"Vinje kommune har nytta Life Improvement som ekspertbistand i fleire sjukefråværssaker og er veldig nøgd med samarbeidet og resultat til no.
Me opplever Life Improvement som veldig profesjonelle innan helse/rehabilitering og som samtalepartnarar. Dei skapar fort tillit og tryggleik for både leiarar og tilsette. Dei kjem fort i gang med planlegging, gjennomføring av samtalene og sluttevaluering/rapport i saka.
Det har vore viktig for oss at eksperten har vore så engasjert og oppteken av å sjå løysingar for alle partar.
Vinje kommune kan tilrå andre bedrifter å nytte Life Improvement i sjukefråværssaker der ein treng andre «utanfrå» til å kartlegge kva som faktisk er gjort og hjelp til å sjå andre løysingar."
Eva Vistad
Personalrådgiver Vinje kommune